Om oss   Kontakt oss         

Bistand, bibel og bambus i 2018 (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 19. oktober

Ål kyrkjeakademi presenterer: bistandsekspert, forfattar og tidlegare generalsekretær Jørn Lemvik i samtale med Arild Øystese Hansen.

 

I løpet av dei siste 30 åra har fokus og haldningar til misjon og bistand endra seg frå trusbasert globalt ansvar til internasjonal handels- og innvandringspolitikk.

Norsk misjon har vore eit 150-årig eventyr med Noreg og nordmenn i internasjonal teneste for å forkynna, men og for å spreie kunnskap, betre helsesituasjonen og å skape vekst og utvikling i land og område som først var definert som misjonsmark, seinare som U-land og no som bistandspartnarar.

Samtalen vil ta for seg dei globale utfordringane og det globale ansvaret med vekt på kyrkja og misjonsorganisasjonane sitt ansvar og mogelege bidrag.

Jørn Lemvik er ein av Noregs leiande bistandsekspertar, særleg når det gjeld religion som premiss og ressurs i bistandsarbeidet. Han har markert seg både nasjonalt og internasjonalt i mange år.

Arild Øystese Hansen er busett i Ål og er no teknisk sjef i Hol kommune. Han har mange års bistandserfaring frå m.a. Madagaskar, der han og budde i 12 år.

 

OKT
19
FRE
Bistand, bibel og bambus i 2018 (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Kafe TID
Billett 150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser