Om oss   Kontakt oss         

Bibelen sin plass i kvardagssamfunnet (Ål kyrkjeak

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 21. november

 

Foredrag v/Sylfest Lomheim

Foredraget har to hovudpunkt: Det eine er å syna kor sterkt Bibelen står kulturelt og samfunnsmessig, om enn ikkje som kristent læreskrift. Det andre er å dokumentera kor overraskande mykje frå Bibelen som stadig gjer seg gjeldande i kvardagsspråket.

Sylfest Lomheim er fødd i Hafslo 1945 og utdanna i språk ved UiO og har undervist på universitet i Frankrike. Han har vore språkkonsulent i NRK, statssekretær i Jagland-regjeringa, professor i norsk og omsetjing frå 2003. Lomheim var den første direktøren for Språkrådet, statens kompetansesenter i språkspørsmål (2004-2010). Han har utgitt rundt femten bøker om ulike språklege tema og deltok i arbeidet med den nyaste Bibelomsetjinga (2011).

NOV
21
ONS
Bibelen sin plass i kvardagssamfunnet (Ål kyrkjeak
Stad: Ål kulturhus – Syningen
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser