Om oss   Kontakt oss         

MAN

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 28. november

Ei danseforestilling med Sudesh Adhana – i krysningspunktet mellom to kulturar.

MAN – mann og menneske.
Gjennom alvor og absurd humor leitar MAN etter ein indre balanse. Kor mykje betyr enkeltmennesket? Her har du sjansen til å møte ein
 av Noregs beste dansarar i ei forestilling laga av ein av landets leiande koreografar og ein nestor innan norsk dans, Sølvi Edvardsen.







MAN - i tydinga mann og menneske - er eit prosjekt i krysningspunktet mellom to kulturar. Gjennom alvor og absurd humor skildrar MAN enkeltmennesket sin kamp for eigen indre balanse. MAN spelar seg ut som ein dialog mellom koreograf Sølvi Edvardsen og dansaren Sudesh Adhana, i tett samarbeid med komponisten Kim Sølve og gruppa hans Swarms og lysdesignar Paul Vidar Ramon Sævarang.

 

 

 

Både Sølvi Edvardsen og Sudesh Adhana arbeider innanfor eit vidt spenn av rørsle, frå eit finstemt indre språk til stor fysikk. MAN er eit prosjekt som ynskjer å koble og utdjupe kva som er mogleg for forteljing og formidling innanfor dette registeret gjennom ein utøvar på scena. Etter 35 år som koreograf ynsker Sølvi Edvardsen å forsterke interessa for enkeltmennesket ved å gjere eit djupdykk i ein dansekunstnar.

Å finne det maksimale med det minimale er essensen i forestillinga. Ei naken scene blir endra kun av lys og projeksjonar som dannar ramme for ein dansar som søkjer å famne ein prosess som belyser det å arbeide konstruktivt for å finne eigen indre balanse. Forestillinga MAN hadde premiere under CODA Oslo International Dance Festival i oktober 2015. Forestillinga har sidan vore vist på ICE HOT Nordic Dance Platform, DanseFestival Barents og Fyrverkeriet Festival. Forestillinga skal på ein lengre turné i Canada i januar 2019.

 

Koreograf: Sølvi Edvardsen

Film, kostyme, rekvisitt: Sølvi Edvardsen

Saum: Johanna Sutinen

Metall: Arne Øystein Lunner

Produsent: Kirre Arneberg

MAN er samprodusert av CODA Oslo International Dance Festival og Riksteatret

 

NOV
28
ONS
MAN
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Billett 300/220/150,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser