Om oss   Kontakt oss         

Mamas Garden (Kafé TID)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 7. desember

Syskena Ingvild, Håvard og Dag Arnold har bakgrunnen sin frå Torpo, og dei har etter kvart etablert seg lokalt og nasjonalt med iøyrefallende visepop.
I samband med dei to plateutgjevingane (Billionaire, 2010 og Desember, 2011) kan dei syne til ei omfattande konsert- og turnéverksemd, og svært fine tilbakemeldingar frå presse og publikum.

Trioen plasserer musikken sin i sjangeren visepop, og blir kjenneteikna av nydelege melodiar, sterke vokalarrangement og ei god live-nerve. Mamas Garden har hausta flotte kritikkar for juleplata Desember. Tematikken i sangene frå 
Desember speglar eit ynskje om ikkje berre å ta vare på den gode julestemningen og dei gode kjenslene, men også om å lyfte fram meir alvorlege tema, som opplevinga av lengsel og einsemd i juletida. 


DT (5): Her har vi en riktig vakker, harmonirik, jordnær og fremfor alt, avslappende juleplate. 
Et balansert innhold av julens religiøse innhold, mørketidas melankoli og julehøytidens varme hjerterom…En veldig behagelig og tydelig juleplate som gir like doser ro, melankoli og velbehag. 

 

NB! Konserten er på Kafé TID

 

DES
7
FRE
Mamas Garden (Kafé Tid)
Stad: Kafe TID
Billett 245,-
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser