Om oss   Kontakt oss         

Jul med Solistkoret og Gjermund Larsen Trio

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 11. desember

Den vakraste julemusikken framført av Gjermund Larsen Trio og Det Norske Solistkor.

Tradisjonen tru legg Solistkoret ut på turné eit par veker før jul. I år er det Austlandet som står for tur, og sjølvaste Gjermund Larsen Trio blir med. Saman har trioen jobba fram eit særeige uttrykk der element frå folkemusikk, jazz, barokk- og samtidsmusikk blir smelta saman. Debutalbumet til Trioen, Ankomst (2008), gjekk rett heim hjå både kritikarar og publikum, og vart heidra med Spellemannprisen same år. Det er enkelt og rørande – personleg musikk som treff ein breid klangbotn hjå mange. Solistkoret sine julekonsertar har vorte ein tradisjon etter lanseringa av plata RÓS – Songs of Christmas i 2013.

Årets juleturné har fått namnet ‘I Vesterled’, og på konsertane får publikum oppleve nokre av dei vakraste julesongane arrangert spesielt for turnéen av Gjermund Larsen Trio, Solistkoret og dirigent Grete Pedersen. Det blir nye versjonar av engelske Carols, norske folketonar i ny drakt, og julesongar frå Irland og Skottland.

Det Norske Solistkor og fiolinist Gjermund Larsen har hatt eit nært samarbeid dei siste åra – både med plateinnspelingar og konsertar i inn- og utland. På årets juleturné er det fyrste gong trioen samarbeider med koret, og konserten vil etter kvart bli til ei ny juleplate.

Programmet for konserten blir annonsert seinare.


NB! Konserten er i Ål kyrkje

 

DES
11
TYS
Jul med Solistkoret og Gjermund Larsen Trio
Stad: Ål kyrkje
Billett 300/250/150,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser