Om oss   Kontakt oss         

Carl Petter Opsahl & Jo Asgeir Lie (Fryd scene)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 7. september

Carl Petter Opsahl er allsidig. Gateprest, forskar, musikkskribent og musikar. I september tek han med seg klarinettane og trekkspelar, Jo Asgeir Lie, til Fryd Scene. Dei to musikarane har kvar for seg hatt omfattande karrierer. Med ujamne mellomrom har dei også samarbeidd. I 2010 komponerte dei tingingsverket «Vinden blæs dit den vil» til Den norske folkemusikkveka. Dei har sett saman eit program med både tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen og eigne komposisjonar. To søkjande musikarar møtest i samspel. Dette blir ein konsert der improvisasjonen og leiken står heilt sentralt. Carl Petter Opsahl (klarinett) og Jo Asgeir Lie (trekkspel).

 

SEP
7
FRE
Carl Petter Opsahl & Jo Asgeir Lie (Fryd scene)
Stad: Kafe TID
Billett 200/50,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser