Om oss   Kontakt oss         

Cinema Paradiso

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Tidenes beste og mest elska film blir no lansert i 4K digitalrestaurert utgåve på kino i samband med 30 års-jubileet.

Oscarvinnaren frå Italia - og favorittfilmen til mange - om den vesle sicilianske guten som blir kinomaskinist er full av varme, humor og kjærleik. Filmen tek tak i deg... og slepp deg aldri.

Cinema Paradiso gjekk sin sigersgang verda over i 1989, og vart i tillegg til Oscar for beste utanlandske film tildelt juryens spesialpris i Cannes og " Gledessprederen" under filmfestivalen i Haugesund.
 

Den framgangsrike regissøren Salvatore Di Vita får høyre at barndomsvenen Alfredo er død, og minna strøymer på. Salvatore ser for seg kinoen Paradiso der maskinisten Alfredo herska i einsam majestet. Då Alfredo vart blind i ein brann, overtok Salvatore oppgåvene hans og eit djupt vennskap oppsto mellom dei. Men Paradiso vart nedlagt og Salvatore reiste frå heimbyen med løfte om aldri å kome attende. Trass løftet vender Toto attende for å delta i gravferda til Alfredo.


Aldersgrense: 6 år
Lengde: 2 timar og 5 minutt

 

 

Sjå trailer her

 

 

 

AUG
29
ONS
Cinema Paradiso
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser