Om oss   Kontakt oss         

Fuglane

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 3. februar

Av Tarjei Vesaas
Dramatisert av Lasse Kolsrud


Den som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møte han.

Forteljinga om Mattis har betatt stadig nye generasjonar like sidan Vesaas sin roman fyrst kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han blir kalla i bygda. Me dreg kjensel på han, både hjå andre og i oss sjølve. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører oss så sterkt – uansett kvar me sjølve befinn oss i livet.

Mattis og storesystera Hege bur åleine og i svært enkle kår. Ho strikkar for å skaffe til livets opphald, men når Mattis tek seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekkjer over hustaket. Han kjem til å tenkje på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eit av dei høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla for Mattis-og-Hege. Og når tømmarhoggaren Jørgen dukkar opp, og får husrom hjå dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, kjenner Mattis at heile livet hans har vorte endra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tåle eit liv utan Hege.

Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger, både i Noreg og utlandet. Denne gongen presenterer me Vesaas sitt meisterverk i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei seinaste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gje historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

Riksteatret skal fortelje historier som forener eit publikum over heile landet – historier som gjev oss tilknyting til kulturen me lever i, som gjer vår felles livsoppleving attkjenneleg og levande og nærværande. Og viktig.

I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas sin roman Fuglane eit slikt felleseige.


Premiere i Oslo, Nydalen 17. januar 2019. 
Turnepremiere i Seljord 21. januar 2019.


På scena
Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm, Tom Styve, Mads H. Jørgensen, Tore B Granås, Ingvild Holthe Bygdnes og Ane Ulimoen Øverli.


Team
Regissør: Lasse Kolsrud
Scenograf: Milja Salovaara
Lysdesigner: Martin Myrvold
Komponist: Kjetil Schjander Luhr
Koreograf: Belinda Braza
Produsent: Emnet Kebreab
 

Forestillingslengde: Kjem seinare

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag

FEB
3
SUN
Fuglane
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser