Om oss   Kontakt oss         

Jungelboken

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 20. september 2019

Velkomen inn i ein magisk og frodig jungel for heile familien.
 

Mowgli er ein tøff og uredd gut, men det lurer farar overalt. Tigeren Shera Kahn har fått ferten av menneskeblod og er på jakt. Den sleipe slangen Kaa prøver å hypnotisere Mowgli med vakker sang. Og kva er det den smågærne apekongen og flokken hans pønskar på? Jammen godt at panteren Baghera og den bekymringslause bjørnen Baloo passar på.

Det har vore laga eit utal filmar og teateroppsetjingar av Jungelboken, aller mest kjent er den klassiske Disney-versjonen. Når Teater Innlandet og Riksteatret nå legg saman kreftene sine, har dei valt ein norsk musikalversjon skrive av ringrevane Wayne McKnight og Arne Lindtner Næss, med populære Svein Gundersen som komponist. 

Dette er ein versjon som fleire gonger har vore oppført med stor suksess ved andre teater, og mange av songane har vorte kjente slagarar. No er turen kome til eit publikum over heile landet, i ei splitter ny oppsetjing signert show-mannen Arvid Ones. Bli med inn i jungelen og sjå ein sprudlande familiemusikal med humor, fart, spenning og fengjande musikk!
 

På scena:
Lars Henrik Aarnes, Lars Halvor Andreassen, Anne Bolette Stang Eng, Julia Küster, Sebastian Skytterud Myers, Thomas Jørstad Pettersen og Ida Holten Worsøe.


Team:
Regissør: Arvid Ones
Scenograf: Kristin Bengtson
Kostymedesignar: Christina Lovery
Lysdesignar: Kåre Nordseth
Musikalsk ansvarleg: Ket Iren Lødemel
Koreograf: Therese Slob
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
 

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).
 

Produsert av Teater Innlandet i samarbeid med Riksteatret.

 

 

 

SEP
20
FRE
Jungelboken
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser