Om oss   Kontakt oss         

KuToppen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

KuToppen er ein morosam og spennande norsk animasjonsfilm for barn, basert på garden KuToppen i Dyreparken, med mange artige karaktar!

Klara er ein ung bykalv med ein draum om å bli stor stjerne. Ein dag får ho eit brev frå far sin, oksen Mosk, som ho ikkje har sett på mange år. Mosk vil at ho skal besøkje han på garden hans, Kutoppen, til sommaren. Mora til Klara har fortalt at Mosk er ei stor rockestjerne og no har Klara endeleg høvet til å bli kjent med han, overbevist om at han vil ha trua på at ho kan bli like stor stjerne som han. Men overraskinga er derimot stor når Klara kjem til KuToppen og oppdagar at faren Mosk ikkje er ei rockestjerne. Han er berre ein vanleg eplekakebonde. Og ikkje nok med det: Han har fått kugalskap og vil miste garden sin om han ikkje bakar hundre eplekaker på ei veke til kremmaren. Klara bestemmer seg for at ho skal redde garden, og ikkje berre det, ho skal bake så gode eplekaker at ho vil bli kåra til den beste bakestjerna i verda og Kutoppen vil bli ein stjernegard. Men utfordringane lurar: Klara kan ikkje noko som helst om gardsarbeid og nokon saboterer kakebakinga.

I tillegg til Klara og Mosk møter me den vimsete høna Chickolina, den forsiktige nabogeita Gaute, hans nervøse onkel sauen Bærnt og det skumle fugleskremselet Fobetron.
Filmmusikken og sangane er komponert av kjende norske artistar som Odd Nordstoga, Eva Weel Skram, Emilie Nicholas, Tooji, Sol Heilo, Lisa Børud, Vidar Busk, Arif og Unge Ferrari, Philip Emilio og Black Debbath.
Qvisten Animasjon står bak suksessfilmar som Hakkebakkeskogen og Knudsen og Ludvigsen.


Aldersgrense: Alle
Lengde: 1 time og 2 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

OKT
19
FRE
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
OKT
20
LAU
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:00
OKT
21
SUN
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:30
OKT
25
TOR
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
OKT
26
FRE
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00
OKT
27
LAU
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:00
OKT
28
SUN
KuToppen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser