Om oss   Kontakt oss         

For vi er gutta

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Bli med inn i øvingslokalet og sjå kva gutta driv med når ingen kvinner er til stades.
Kvar tysdag samlar rundt 25 kameratar seg for å drikke øl, fortelje vitsar og... synge fleirstemt. "Mannskoret" vart starta av DumDum Boys-vokalist Prepple Houmb og fleire andre for nesten femten år sidan. Bak lukka dører på Kampen Bistro i Oslo kan gutta vere seg sjølve i si eiga humoristiske frisone og synge rock og punk, og ein sjeldan gong litt «ordentlig musikk».

No har Mannskoret fått sin største og mest absurde spelejobb nokon gong; dei skal varme opp for sjølvaste Black Sabbath framfor 10.000 menneske. Men på bakrommet er det trøbbel: Éin av gutta i koret har kort tid att å leve og rekk kanskje ikkje den store konserten. Spøken om at meininga med koret er at medlemane skal synge i kvarandre sine gravferder, har brått vorte alvor. No får sanggleda, humoren og brorskapet i koret større betydning enn gutta kunne forestille seg.

FOR VI ER GUTTA er eit intimt innblikk i ei verd der tøffe menn finn ekte vennskap.


Aldersgrense: Alle
Lengde: 1 time og 14 minutt



Sjå trailer her

 

 

PRESSA SKRIV OM FILMEN:

«Fortsetter å berøre lenge etter at man har forlatt kinosalen. Det er også en av høstens morsomste kinofilmer»
Aftenposten - terningkast 5

«En berørende film om menn og følelser ... Det er godt og fint gjort»
Adressa - terningkast 5

«Herlig usentimentalt og rørande»
Stavanger Aftenblad - terningkast 5

«Du kommer til å ville gi kameraten eller kjæresten din en lang og varm klem etterpå»
Fædrelandsvennen - terningkast 5

«Rører sterkt»
Bergensavisen - terningkast 5

«Går rett til hjertet»
Trønderavisa - terningkast 5

«74 herlig befriende minutter på kino»
Gudbrandsdølen Dagningen - terningkast 5

«Både morsomt og rørende»
Hamar Arbeiderblad - terningkast 5

«Usedvanlig gripende. Anbefales»
Klassekampen - terningkast 5

«Materialet er uhyre sterkt og emosjonelt»
Vårt Land
 

OKT
19
FRE
For vi er gutta
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:15
OKT
21
SUN
For vi er gutta
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:00
OKT
26
FRE
For vi er gutta
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:15
OKT
27
LAU
For vi er gutta
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser