Om oss   Kontakt oss         

Spill Norsk festivalen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 10. november


SPILL NORSK er attende på Ål med ein festival som skal hylle norske komponistar og tekstforfattarar, og med eit innhald både for små og store musikkentusiastar.


SPILL NORSK er eit samarbeid mellom NOPA og Norsk Komponistforening. Målet deira er å bringe gode konsertopplevingar ut i heile Noreg, samt å vise breidda i norsk musikk med spenn frå pop og rock til kunstmusikk og folkemusikk.

 





Ål kulturhus ynskjer å velkomen til følgjande program:


Fredag 9. november:

KL. 19.00                        Konsert: ELG m/band.   Billettar her

 

Laurdag 10. november:

KL. 11.00 - 13.00        Låtskrivarkurs med Arne Moslåtten (i Skålen). GRATIS.

P                                  Påmelding til ingas_89@hotmail.com innan 08.11.2018

KL. 13.00                    Songstund for barn: Song og regler frå Hallingdal                                                                                                                                                                                v/                                 v/Inger Marie Lien Rust (i biblioteket). GRATIS.

KL. 16.00                    Klassisk konsert med Marit Sehl (sang) og pianist Monica Tomescu-Rohde.

x                                   Med Skarvebarna!  Billettar 200,-/100,-

KL. 19.30                 Keifeider m/band i ungdomsrommet HallUng på kulturhuset.

x                                  Konserten er gratis og tiltenkt ungdom i alderen 13-21 år.

 


Marit Sehl, mezzosopran

Har mastergrad i utøvande sang ved Norges Musikkhøgskole og Diploma of opera frå The Sydney Conservatorium of music i Australia, der ho også fekk dei fyrste oppdraga sine, m.a i operahuset. Seinare har Marit jobba i
Tyskland og Noreg med m.a. solistoppdrag med Kringkastingsorkesteret, Det Norske Blåseensemble, Drammen og Vestfold symfoniorkestre. Har sunge roller i Dido og Aeneas, Figaros bryllup, Carmen, La Traviata og
forestillinga Operaball som turnerte i store delar av landet. I 2018 sang Marit rollene Wellgunde og Norne i Lidal North International Opera Workshop si oppsetjing av Götterdämmerung på Scene 2 på DNO&B. Ho har vore solist i verk som Mozarts Requiem (m.a med Sølvguttene) og Grosse messe i c-moll, Händels Messias, Bachs oratorier og pasjoner, Beethoven sin 9. symfoni m.m. og opptredd ved Oslo Operafestival, Johan Halvorsen-festivalen, Hardanger Musikkfest (2017). Var fast engasjert i Det norske Solistkor 2006-2017, med konsertverksemd i inn- og utland, urframføringar og cd-innspelingar. Eigne utgjevingar: CD “Mitt hjertes lyst” (2005) med pianist Sigstein Folgerø, operavideoane “Elvira 2013”
og “Carmen 2014” med Drammen symfoniorkester.
 



Monica Tomescu-Rohde, pianist
Monica har utdanninga si frå musikkuniversitetet i Bucuresti, Musikkonservatoriet i Tromsø, og til slutt diplomeksamen ved Norges Musikkhøgskole.  Monica har vunne prisar i musikkonkurransar både i Romania og andre land. I 2010 debuterte ho i Oslo Konserthus under Oslo Operafestival, med Variasjoner op.2 av Chopin «La ci darem la mano». Ho har også opptredd under Oslo Griegfestival, Frankofonifestivalen, KulturNatt, Lunsj med Kultur og i direkte sending på både NRK og rumensk kringkasting. I 2016 spelte ho Grieg sin kjende a-mollkonsert saman med Drammen symfoniorkester i Drammens teater.  Monica er ein aktiv konsertpianist som dei siste åra har valt å fordjupe seg i repertoar
skrive av kvinnelege komponistar, m.a. med ein eigen konsertserie "Kvinnelige spor musikkhistorien".



Kefeider
Kefeider er soloprosjektet til Vetle Løvgaard der han hentar inspirasjon frå m.a. tidleg Bon Iver og Daughter og Feist. Låta Mirrors (Two Heads Up in the Clouds) vart tilrådd av P3 Urørt og var ein del av den siste sesongen til «Unge Lovende» på NRK, samt i P3-podcasten «Natt til lørdag».
12. oktober slepp Kefeider sin fyrste offisielle singel Raven For a Dove. Låta er også fyrste smakebit frå debutplata som kjem i februar 2019. Plata er spelt inn på ein nedlagt isolasjonsfabrikk på Alna i Oslo med ØyvindBlomstrøm (Monica Heldal) på gitar, Tor Egil Kreken (Darling West) på bass og Thomas Gallatin på trommer.

 Kefeider live: Vetle Løvgaard, Emil Brattested og Trym Gjermundbo.

 

 

 



Arne Moslåtten, låtskrivarkurs
Få tips og knep hjå hjernen bak mange av slagerane til Hellbillies! Arne Moslåtten har skrive utallige songar både for band og soloartistar. Han har lang erfaring frå musikklivet, og var med i suksessbandet Hellbillies frå 1990 til 2014. Kurset er gratis og ope for alle. Påmelding til ingas_89@hotmail.com innan 08.11.2018. Ta med skrivesaker og ark.

 

 

 

Inger Marie Lien Rust
Inger Marie er av dei fremste folkesongarane me har i landet. Ho har jobba mykje med barn og unge, og har eit stort repertoar på lokale songar, regler, stev og viser frå Hallingdal. Songstunda høver både for foreldre og barn. Biblioteket er ope under songstunda, så det går fint an å låne nokre bøker samstundes.

 

 

 

NOV
10
LAU
Spill Norsk festivalen: Marit Sehl m/pianist
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 16:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser