Om oss   Kontakt oss         

The Wife

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Bak ein kvar vellykka mann står det ei sterkare kvinne… og du får no møte henne!

The Wife er ei kjensleladd, gripande og sterk reise i sjølvutvikling, frigjering og ein hyllest til kvinna.

Joan Castleman (Glenn Close) er ei svært intelligent, framleis slåande vakker kvinne og ei perfekt oppofrande kone. Dei siste førti åra har ho brukt til å støtte opp under ektemannen Joe (Jonathan Pryce) si litterære karriere, og samtidig har ho gjeve slepp på sine eigne draumar og ambisjonar. Ho har sett ein annen veg til dei mange sidespranga hans og bortforklart dei med den sjarmerande personlegdomen og den humoristiske sansen hans.
Dette har resultert i eit ekteskap med ujevne kompromiss som no har fått Joan til å nå bristepunktet. Same kvelden som Joe skal motta Nobelprisen i Litteratur, sjølve kronjuvelen i eit langt og suksessrikt forfattarskap, bestemmer Joan seg for å fortelje verda den store hemmelegheita deira.

Filmen er basert på boka med same namn av Meg Wolitzer og regissert av Sølvbjørn-vinner Bjørn Runge.


Aldersgrense:
Lengde: 1 time og 40 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

DES
5
ONS
Strikkekino: The Wife
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser