Om oss   Kontakt oss         

Kantoren, orgelet og songen (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 12. februar

Audun Flaen har vore organist i Ål sidan 1987. Frå orgelkrakken og det vesle kontoret bak orgelet i Ål kyrkje har han inspirert og utvikla det kyrkjemusikalske livet ikkje berre i Ål og Hallingdal, men i heile kyrkja i Noreg. Audun Flaen er utdanna kantor frå Norges Musikkhøgskole. Han var fagmannen og rådgjevaren i arbeidet med det nye orgelet i Ål kyrkje. I 12 år har han leia prosjektet med folkemusikkliturgien i gudstenesta og arrangert denne for kor og orgel. Audun Flaen er korleiar og dirigent og har arrangert utallige salmar og songar. Han har og bidratt med mange koralar til gudstenestebruk. Noko av dette presenterer han for publikum denne kvelden i Ål kyrkje.

 

 

FEB
12
TYS
Kantoren, orgelet og songen (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Ål kyrkje
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser