Om oss   Kontakt oss         

Sjef i eget liv v/Ingvard Wilhelmsen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 5. mars

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han fokuserer på haldningane våre. Det meste her i livet kan me ikkje gjere noko med, men korleis me forheld oss til det som skjer bestemmer me sjølve. Wilhelmsen har skrive 5 bøker, m.a. Livet er et usikkert prosjekt, Sjef i eget liv, Kongen anbefaler og Det er ikke mer synd på deg enn andre.

Ingvard Wilhelmsen er indremedisinar, psykiater og drivar av hypokonderklinikken i Bergen. Han er ein klok og fantastisk foredragshaldar som på forunderleg vis set enkle ord på kompliserte utfordringar. Han er forfattaren bak fleire bøker i kognitiv terapi. Hovudbodskapen er at me kan velge korleis me lever liva våre og tilrådinga er å leve smart. Me kan t.d. velge bekymringane våre, det er lurt å skilje mellom ekte og tenkte katastrofer - og det meste i livet kan me faktisk ikkje styre uansett.

 

HEILAFTEN, Billett inkludert middag:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før foredraget:

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 16.00
 

MENY: 

• Urtebakt kyllingbryst med sesongens grønsaker, mandelpotetpure og paprikasaus

• Sjokolademousse. Marinerte jordbær

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast mandag 4. mars kl. 12:00

 

 

 

 

MAR
5
TYS
Sjef i eget liv v/Ingvard Wilhelmsen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr 350/625 inkl middag
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser