Om oss   Kontakt oss         

Helga Flatland (Ål bibliotek)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 6. mars

Forfattaren Helga Flatland har begeistra både kritikarar og lesarar. Ho er, ikkje utan grunn, spådd ei framtid som ein dei mest sentrale stemmene i samtidslitteraturen vår.

Mange vart gripne av Bli viss du kan-trilogien frå bydga som mistar tre unge gutar på oppdrag i Afghanistan. I Vingebelastning og En moderne familie tek ho på ulikt vis pulsen på samtida og kretsar om menneskelege reaksjonar og relasjonar. Og den moderne familien er eit tema me vil høyre meir om i Ål bibliotek.

Velkomen til ein spennande forfattarkveld med Helga Flatland.

 

Arrangementet er ein del av biblioteka i Hallingdal sin leseaksjon for vaksne, Vinterles.
Kom innom biblioteket eller sjekk hallingdalsbiblitoteka.no dersom du er interessert i å vite meir om årets Vinterles.

 

MAR
6
ONS
Helga Flatland (Ål bibliotek)
Stad: Ål bibliotek
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser