Om oss   Kontakt oss         

Eva Weel Skram

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 24. mars

Dei siste par åra har Eva Weel Skram for alvor tatt steget opp til å bli ei av landets aller mest folkekjære artistar. Heilt sidan Eva begynte å synge på morsmålet etter deltakinga i "Hver gang vi møtes", har det gått slag i slag for Sogndalsjenta.

Høgdepunkta frå dei siste åra er mange. Selmas Sang var temalåt for NRK si storsatsing Snøfall, og Eva si framføring av den vakre singelen Berre la meg vær på NRK Lindmo var gripande og personleg, og traff publikum rett i hjarta. Utselde hus i Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og utallige festivalspelingar har opna augo til publikum rundt om i landet, som vender attende gong på gong. Singlar som Hold meg og den aller nyaste Om du vil har vorte lagt til rekkja av tidlegare hits frå "Hver gang vi møtes" og Eva & The Heartmaker.

På denne konserten får me høyre både nye og eldre låtar frå heile Norges Eva Weel Skram.
Det er berre å glede seg!

 

HEILAFTEN, Billett inkludert middag:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før konsertstart:

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 18.00
 

MENY: 

• Svinefilet med sesongens grønsaker, bakte småpotetar og pepparsaus

• Vanilje pannacotta med rørte bringebær

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast fredag 22. mars kl. 12:00

 

 

MAR
24
SUN
Eva Weel Skram
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser