Om oss   Kontakt oss         

Peter Pan (Skarvebarna)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 31. mars

Peter Pan er ein oppfinnsam og rampete gut som har bestemt seg for at han ikkje vil bli vaksen. Han bur i Draumeland, som ligg til høgre for ei stjerne og rett fram til morgongry. Der er han sjefen for ein gjeng med foreldrelause born, som er litt lei seg, for dei lengtar sånn etter ei mamma. Peter kan fly, og ein gong han er i London blir han kjent med Wendy og brørne hennar, Michael og John. Dei blir med til Draumeland. Wendy tar på seg jobben som mor, og gjer sitt beste for å halde orden på den viltre barneflokken.

I Draumeland bur også Kaptein Krok og piratane hans. Kaptein Krok sitt høgste ynskje er å ta hemn over Peter Pan, som han meiner har skulda for at krokodilla ein gong åt den eine handa hans. Krok og piratane pønskar ut skumle planar for å ta livet av Peter, men heldigvis følger nokon oppvakte indianarar med på det som skjer i skogen, og dei kjempar alltid på Peter Pan si side. I denne eventyrlege musikalen får publikum bli kjent med livsglade og tøysete ungar, skumle piratar, modige indianarar, vakre havfruer, ein nydeleg liten fe og den sjølvsikre og tøffe Peter Pan.

Dette er Skarvebarna si fjerde store musikaloppsetting.

35 barn og ungdommar frå Hovet, Hol og Geilo deltek med song, dans og skodespel.

 

MAR
31
SUN
Peter Pan (Skarvebarna)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
150/80,-
Kl: 16:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser