Om oss   Kontakt oss         

Forsona med livet v/Laila Riksaasen Dahl

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 10. april

Ål kyrkjeakademi presenterer Laila Riksaasen Dahl

Laila Riksaasen Dahl er eit kjent namn for svært mange i Hallingdal. Ho var biskop i Tunsberg bispedømme i 11 år - frå 2003 til 2014. Før ho vart biskop arbeidde Riksaasen Dahl som prest i Nittedal i 7 år. Ho hadde ei allsidig arbeidserfaring då ho tok til som prest med bakgrunn som både lærar og kateket - før ho i mange år var lektor/amanuensis ved Menighetsfakultetet.

Kyrkjeakademiet er svært glad for å få Laila Riksaasen Dahl tilbake til Hallingdal, denne gongen i ei anna rolle enn som biskop. Laila er kjent som ein engasjert og inspirerande formidlar. Ho blir karakterisert som tydeleg og direkte - og modig. Som biskop viste ho at ho våga å ta val som ikkje alltid møtte applaus. I dette foredraget vil ho reflektere over korleis vi forheld oss til våre eigne liv, og til oss sjølve. Er vi i stand til å akseptere at livet vart som det vart? Ho legg vekt på at livsglede også handlar om å ha ei forsonende haldning.

 

APR
10
ONS
Forsona med livet v/Laila Riksaasen Dahl
Stad: Ål kulturhus – Syningen
150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser