Om oss   Kontakt oss         

deLillos

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Laurdag 4. mai

Opplev eit av landets beste rockeband i akustisk drakt!

Etter å ha eksistert som liveband i godt over tretti år, har deLillos det siste året valt å gjere heilt akustiske konsertar. Det er fleire grunnar til dette. På alle utgjevingane gruppa har kome med, heilt sidan den fyrste singelen i 1985, har den akustiske gitaren vorte brukt som eit element i musikken. Den akustiske gitaren er ofte også instrumentet ein låtskrivar komponerer sangane sine på, og intet unntak for deLillos. Altså eit kjærkome instrument gjennom alle tider.

I 2017 ga deLillos ut det hittil siste albumet sitt, La oss bli fri, for all nostalgi, og det var her det akustiske for fyrste gong vart gjennomført som eit konsept på ei heil innspeling. Denne plata vart spelt inn live for eit lite publikum på EIN mikrofon i ei stor gamal stove på Frogner. Samsplet, og den måten og lytte til kvarandre på, ga bandet meirsmak til å utvikle dette som eit meir fast opplegg også når det gjaldt å spele alle dei andre sangane. Enten dei er godt kjente og etablerte deLillos sangar, eller om dei er blant dei som ikkje har vore spelt så ofte. På mange stader, særleg kulturhus, så møter deLillos eit sittande publikum og nettopp då er det akustiske lydbiletet noko som fungerer bra. Det blir eit veldig hyggeleg møte mellom sal og scene, der både musikken, tekstane og verbale pussigheiter mellom låtane skapar god kontakt. Sjølv om bandet sit på scena og spelar vare og fine låtar, utan forsterkarar og gitarvreng, så blir det også spelt låtar med rocka energi. deLillos er stolte av desse konsertane, og lovar ein storarta kveld med mykje variasjon. Instrument som blir spelt på: Akustisk kassebass, akustiske gitarar, mandolin, gitarbanjo, gitardobro, flygel/piano, harmonium, handspelt cajon og lettare cymbaloppsett pluss litt perkusjon og munnspel.

 

HEILAFTEN, Billett inkludert middag:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering 2 timar før konsertstart.

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 17.00
 

MENY: 

• Bakt kveite med sesongens grønsaker, gulrotpure, bakte småpotetar og syrleg smørsaus

• Sjokoladefondant Vaniljeis og bær

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast fredag 3. mai kl. 12:00



 

MAI
4
LAU
deLillos
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser