Om oss   Kontakt oss         

Jegertimen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Sundag 10. mars

"Det aller beste og det aller verste som kan skje med Luka skjer på Halloweenfesten til Lena. Luka hugsar ingenting få festen, men det endrar seg når etterforskar Charity Case tek henne med ut av Limbo og attende til festen for å løyse ei mordsak. Jegertimen er eit surrealistisk, men óg humoristisk, teaterstykke om identitet, seksualitet og sjølvmord."

Stykket er skrive av prisløna dramatikar og tekstforfattar Hanne Hagerup. Ho har mellom anna vore med og skrive manus til NRK sin julekalender «Snøfall» frå 2016. For tida er ho i ferd med å utvikle eit tv-serie-manus gjennom Norsk Filminstitutts barnefilmsatsning NFI, LAB Junior, og ho ein del av barnedramatikksatsinga til Dramatikkens Hus.

DUS – Den unge scenen er eit landsdekkjande prosjekt som jobbar for å heve nivået på ungdomsteater i Noreg. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar og konsept for ungdom som blir framført av ungdom i alderen 13 til 19 år. Ca 80 ungdomsgrupper fordelt over heile landet lagar framsyningar av tekstane i kvar runde. Det blir arrangert festivalar i alle deltakande regionar og ein landsdekkande festival på Det Norske Teatret i Oslo. Teaterelevar frå Hol kulturskule, Hemsedal kulturskule og Ål kulturskule står på scena på Brageteateret på Union scene i Drammen 16. og 17. april, men fyrst blir det premiere på Ål kulturhus!

 

MAR
10
SUN
Jegertimen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
150/80,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser