Om oss   Kontakt oss         

Gleding v/Siri Abrahamsen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 14. mars

Oppvekstsektoren i Ål kommune ynskjer velkomen til eit inspirerande foredrag med

Siri Abrahamsen og prosjektet GLEDING!

Eit godt oppvekstmiljø i heim, skule og fritid er heilt sentralt for at born skal vekse opp og bli velfungerande vaksne med god psykisk helse og sunne relasjonar. Me vil at alle i Ål skal arbeide saman for å sikre god livskvalitet for alle, og me har invitert Siri Abrahamsen, samfunnsengasjert foredragshaldar og forfattar av blant anna boka Gleding. Me ber alle inn til eit utvida foreldremøte om GLEDING som handlar om det aller viktigaste; korleis vi har det saman.

Alle føresette i Ål kommune, og dei som møter barn i frivillige lag og organisasjonar er velkomne! Me treng alle med for å lykkast. Du kjem vel?

 

MAR
14
TOR
Gleding v/Siri Abrahamsen
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Gratis
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser