Om oss   Kontakt oss         

Foredrag v/ Sigrun Høgetveit Berg

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 9. mai

Ål kyrkjeakademi presenterer: Om kyrkjer og kristenliv i Hallingdal i mellomalderen

Kva veit me om kyrkjene i Hallingdal i mellomalderen, og kva kan dei fortelja oss om det samfunnet som bygde dei? Kva var det katolske Hallingdal, og korleis var den katolske hallingen? Føredraget vil ta for seg kyrkjehistorie frå mellomalderen med utgangspunkt i Hallingdal - og reflektere over spørsmålet om korleis den katolske arven vår er formidla opp gjennom hundreåra og fram til i dag.

Sigrun Høgetveit Berg (f. 1972) er frå Ål og busett i Tromsø, der ho er tilsett som førsteamanuensis i eldre historie ved UiT - Noregs arktiske universitet. Ho har skrive doktorgradsavhandling om eitt av Noregs rikaste prestegjeld i mellomalderen, Trondenes kannikgjeld (2014), boka Reformasjonen (2017) og er særleg interessert tilhøvet mellom kyrkje og samfunn i mellomalderen.

For tida arbeider ho med eit bokprosjekt om nordnorsk religionshistorie og er i startfasen med forskingsprosjekt om Hansa-kjøpmennenes forhold til dei religiøse institusjonane i Noreg og om skandinaviske pilegrimsinstitusjonar i Roma. Interessa for historie har ho med seg frå heim og oppvekst i Ål - der ho nokre sumrar var omvisar på Ål bygdamuseum - og ikkje minst frå det ho meinte var uvanleg dyktige historielærarar på Hallingdal gymnas.

 

MAI
9
TOR
Foredrag v/ Sigrun Høgetveit Berg
Stad: Torpo stavkyrkje
150/120,-
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser