Om oss   Kontakt oss         

Sommarfest v/Ål kulturskule

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 5. juni

Velkomen til sommarfest på Ål kulturhus!

Ål kulturskule gjentek fjorårets suksess og samlar små og store, elevar og publikum, til ein allsidig sommarfest på Ål kulturhus. Me har stor glede av song og musikk, dans og teater, kunst, yoga og komponering her i Ål, og mange talent finn utgangspunktet sitt i kulturskulen. Me vil gjerne vise fram heile breidda i kulturskulen og ynskjer deg hjarteleg velkomen til å dele ettermiddagen med oss.

Det blir matservering frå kl. 15.00, så middagen kan me dele på langbord i finveret.

Kafé TID og innvandrartenesta står for matservering denne dagen, Ved inngangen kan du kjøpe matbongar, og der byter du også kjøpte billettar til festivalband, som gjev tilgang til alle arrangement heile kvelden.

Arrangementet varer frå 15.00 til 21.00

 

JUN
5
ONS
Sommarfest v/Ål kulturskule
Stad: Ål kulturhus
150/80,-
Kl: 15:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser