Om oss   Kontakt oss         

Hedvig Mollestad trio (Fryd scene)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 23. januar

Progressiv jazz med høg energi er varemerket til Hedvig Mollestad Trio. Musikken er blytung og hard, men også elegant og grasiøs. Publikum kan gle seg til eit tett og stødig komp, og ein sylskarp og leikande fuzzgitar. Gitarist Hedvig Mollestad Thomassen er kjent for å kombinere avantgarde jazz med eksperimentell progressiv rock. Ho kan seiast å vera er ei moderne utgåve av Jimi Hendrix.

Hedvig Mollestad Thomassen – gitar, Ellen Brekken – bass, Ivar Loe Bjørnstad – trommer

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål. Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.

 

JAN
23
ONS
Hedvig Mollestad trio (Fryd scene)
Stad: Sundrehall
200/50,-
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser