Om oss   Kontakt oss         

Poesikonsert (Fryd scene)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Måndag 18. februar

 

Hildegun Riise og Anders Aarum

Riise formidlar dikt frå ulike stader i verda. Saman med songar av mellom andre Kari Bremnes, Stein Torleif Bjella og Edvard Hoem blir dette ein vev av musikk og poesi. Tema krinsar rundt menneskemøter - avtrykk og erfaringar som gjer oss til dei menneska vi er. Opplevingar av kjærleik og visdom, møter med smerte og einsemd, dei livsviktige bagatellane, den frigjerande humoren og ikkje minst kjærleiken til det mangefasetterte livet. Hildegun Riise - dikt og song, Anders Aarum – flygel

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål. Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.

 

 

FEB
18
MÅN
Poesikonsert (Fryd scene)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser