Om oss   Kontakt oss         

Trio frå Barokkanerne

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Måndag 4. mars

Barokk under Ål-taket

Gode klassiske konsertar er sjeldan vare i Hallingdal, men det har lukkast å få ein trio frå Barokkanerne til Ål. Fløytist Ingeborg Christophersen har hausta fleire prisar og stipend og turnert rundt i heile verda. Med Jadran Duncumb på lutt og gitar, og Gunnar Hauge på cello har ho plukka medmusikarar frå øvste hylla. På konserten blir det eit reint fransk og italiensk program. Musikk av mellom andre Platti, Mealli, Kapsberger, Vivaldi, Barrière og Couperin. Dette er musikk med tre fantastiske musikarar, rytmisk driv og original barokk.

Ingeborg Christophersen – blokkfløyte, Jadran Duncumb - lutt og gitar, Gunnar Hauge – Barokkcello

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål. Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.

 

MAR
4
MÅN
Trio frå Barokkanerne
Stad: Ål kyrkje
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser