Om oss   Kontakt oss         

Moskus

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 23. april

Eit jazzmirakel!

Moskus er sett saman av tre godt samspelte improvisasjonskunstnarar som fann saman på jazzlina ved NTNU i Trondheim. Bandet sitt nyaste album, Mirakler kom ut i august 2018.

«Det er tyngde, tolmod og erfaring, og ei sterk evne til å late musikken utvikle seg naturleg», skreiv platemeldar Olav Opsvik om tredjeplata Ulv, ulv på nettstaden jazzinorge.no for to år sidan. Hans spådom var at publikum har spennande år i vente.

Anja Lauvdal – piano, Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass, Hans Hulbækmo – trommer

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene har etablert seg som ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål. Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane våre.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.

 

APR
23
TYS
Moskus
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser