Om oss   Kontakt oss         

Fauskivalen 2019

Arrangør: Fausko Skysstasjon
Tid: 8. til 11. august 2019

Fauskivalen opnar billettsalet til 10 års jubileet med stor gåvepakke og legg ut 100 festivalpass til halv pris til 445 kr. Årets julegåve! Tilbodet gjeld fram til jul. Fyrstemann til mølla…

10 ÅRS JUBILEUM OG STØRRE ENN NOKON GONG

FREDAG 9 AUGUST:

Urframføring av bestillingsverk frå Hemsedals eigen komponist og årets festivalartist ERIK WØLLO. Det blir spektakulær kveldskonsert med lasershow i Fausko Amfi der Erik Wøllo har med seg amerikanske Jerry Marotta og Trey Gunn. Tidlegare bandmedlemer frå Peter Gabriel, King Crimson og Shakespear Sisters!

LAURDAG 10 AUGUST BLIR DET FOLKEFEST PÅ AMFIET:

DE LILLOS
THE SECRITY PROJECT LIVE BAND – USA: Dette blir rockekonsert i verdensformat i fjellbygda! «Coverband» med originalmedlemer, som framfører Peter Gabriels store verk Security Volum 4 + ekstranummer av kjent stoff. Bandet består av bandmedlemer frå Peter Gabriel, King Crimson og Shakespear Sisters:
Michael Gozzi: Guitars, Backing Vocals
David Jameson: Keybords, Eigenharp
Happy Rhodes: Lead Vocals
Trey Gunn: Warr Guitar, Backing Vocals
Jerry Marotta: Drums & Percussion, Backing Vocals
“Great to see some of the original members doing it the right way” – Steve Hackett (Genesis)

MEIR PROGRAM PÅ GANG

Me kjem tilbake med utfyllande program og artistar for fredag og laurdag, det er mange godbitar på gang. På torsdag blir Ung i Fauskivalen vidareført i samarbeid med Hemsedal kommune, og på sundagen blir det musikkmesse i amfiet i samarbeid med kyrkja i Hemsedal.

AUG
8
TOR
Fauskivalen (8-11.8)
Stad: Fausko Skysstasjon
Kr 245/480/1150 (inkl.avgift)
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser