Om oss   Kontakt oss         

Øystein Sunde og Meget i sløyd: "På nye eventyr"

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 4. september 2019

Øystein Sunde skal ut på tur att. Etter eit svært inspirerande samarbeid med Ingrid Bjørnov dei siste åra, har det kome trillande nye sangar, som no er innspelt og gjeve ut som CD og LP med tittelen "Bestefar". Men det boblar stadig over av nye idéar, og det er alltid noko nytt å få høyre når Sunde er på scena. Mellom anna kan me vente oss eit heidundranes oppgjer med DAB-radioen. Med andre ord, det er mykje å glede seg til.

Det er over 50 år sidan Øystein Sunde sto på scena fyrste gong åleine med gitar, og nesten 50 år sidan han toppa listene med slageren Jaktprat frå den fyrste LP-plate hans, 1001 Fnatt i 1970. Sunde tilhøyrer europaeliten når det gjeld gitarspel og har sidan den gong halde seg på topp takka vere ei utruleg evne til alltid å presentere nye, morosame og tidsaktuelle viser. Han har også fått utvikle sin eigen signaturgitar hjå The Martin Guitar Co.

Den siste suksessforestillinga til Øystein Sunde, Men DA må du ha, var den femte i serien av solo-show og etterfølgde publikumssuksessane Kjekt å ha, Så hatten passer, Øystein Sunde...og vel så det og Sånn e’re bare.

Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar, og bandet hans, Meget i Sløyd, er noko av det aller beste som er å oppdrive av allsidige bluegrass-musikarar på denne sida av Atlanter'n: Terje Kinn - banjo, Øystein Fosshagen - fele og mandolin, Knerten Kamfjord - bass og Knut Hem - dobro og perkusjon

 

HEILAFTEN, Billett inkludert middag:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering før forestillinga startar.
Middagsserveringa startar 2 timar før konsertstart:

Stad: Hallingdal feriepark
Tid: Middagsservering kl. 17.00
 

MENY: 

• Ytrefilet av storfe. Sesongens grønsaker, rødvinsjy, selleripure og bakte småpotetar

• Sjokoladefondant. Vaniljeis og Bær

 

Sjå eigen billettkategori.

NB! Middagsbillett må kjøpast seinast tysdag 03. september kl. 12:00

 

SEP
4
ONS
Øystein Sunde og Meget i sløyd: "På nye eventyr"
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 470,- / 745,- (inkl. middag)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser