Om oss   Kontakt oss         

CreedenceMania 1969

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 25. oktober

Fekk du med deg suksessen Creedence StoryNight på Ål kulturhus i 2017?
No kan du bli endå betre kjent med det fantastiske bandet og året dei "eigde".

På med ruteskjorta, og bli med Fortunate Sons attende til 1969.

1969 er året som ga oss Woodstock, Månelandinga, Vietnamkrigen og store sosiale endringar over heile kloden. Og ikkje minst er det året då Creedence Clearwater Revival ga oss heile tre(!) klassiske album og hits som Proud Mary, Bad Moon Rising, Green River, Down on the Corner, Cotton Fields, Fortunate Son, Midnight Special og mange fleire.
Bli med på ei reise attende til året Creedence eigde; bli med på CreedenceMania 1969.

Det fremste Creedence-bandet i Norge, Fortunate Sons, følgjer no opp publikumsfavoritten Creedence StoryNight med eit nytt show spekka med hits. I tillegg til å gje publikum eit gjenhøyr med alle dei fantastiske låtane Creedence dominerte hitlistene med over heile verda, får også publikum eit gjensyn med korleis verda såg ut i dette hendingsrike året.

Showet gjev eit innblikk i korleis enkelte av Creedence sine låtar vart soundtracket til ein tidsalder og eit samfunn prega av demonstrasjonar, flower power og massive populærkulturelle endringar.

Men, det er fyrst og fremst den fantastiske musikken til Creedence Clearwater Revival som står i sentrum i showet, og Fortunate Sons syner her kvifor dei av mange blir kalla Norges beste til å tolke klassikarane til Creedence.

Her blir det allsang - her blir det CreedenceMania!


 

 

 

 

 

 

 

OKT
25
FRE
CreedenceMania 1969
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 390,-
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser