Om oss   Kontakt oss         

The Hate U Give

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Engasjerande og djupt rørande.

Starr Carter er 16 år og rører seg kvar dag mellom to ulike verder: det fattige svarte lokalmiljøet, der ho bur, og den finare privatskulen i forstaden, som ho går på. Det er ein ustabil balanse som ryk den kvelden Starr blir vitne til at barndomsvennen, Khalil, blir skoten og drepen av ein kvit politimann. Khalil var ikkje væpna. Då Khalil sin død blir framsidestoff over heile landet og nabolaget bryt ut i voldsomme demonstrasjonar, blir Starr nødt til å ta eit val, spesielt sidan nokre av vennene hennar på skulen antydar at Khalil kanskje fortjente det. Alle vil vite kva som skjedde, men det Starr vel å seie - eller ikkje seie - kan øydeleggje lokalsamfunnet og vennskap og setje hennar eige liv i fare.
 

Filmen er basert på Angie Thomas sin sterke roman om ei heilt vanleg jente, som hamnar i ein uvanleg situasjon, tek for seg tema som rasisme og politivald med intelligens, hjarte og urokkeleg ærlegheit. Inspirasjonen til The Hate U Give kjem frå rørsla Black Lives Matter. BLM er ei internasjonal rørsle som prøver å kjempe mot vald og systematisk rasisme av svarte. Men Angie Thomas er også inspirert av rapparen Tupac og uttrykket hans THUG LIFE - akronym for 'The Hate U Give Little Infants Fucks Everyone'. 


Aldersgrense: 12 år
Lengde: 2 timar og 12 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

MAR
1
FRE
The Hate U Give
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:30
MAR
3
SUN
The Hate U Give
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser