Om oss   Kontakt oss         

Skammarens dotter 2 - Slangens gåve

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Sjå den storslåtte filmatiseringa av Nordens største fantasy-boksuksess!

Dina har arva mora sine overnaturlege evner, ho kan sjå hemmelegheiter og vondskap i andre sine auge, og kva dei skammar seg over. No lever ho som flyktning saman med mora, broren Davin og prinsen Nicodemus, dei gøymer seg frå den fæle Drakan. Når broren og prinsen blir tekne til fange og fengsla i den berykta Sagisborga, blir Dina tvinga til å reise ut på farlege eventyr. Mot mora si vilje, legg ho ut på ei farefull ferd for å fri fangane i borga.

«Skammarens dotter 2 – Slangens gåve» er oppfølgjaren til «Skammarens dotter» frå 2015. Den byggjer på tredje bind i bestselgjarserien til Lene Kaaberbøl, om magiske evner, dragar og vonde kongeriker, og har vorte samanlikna med fantasyunivers som «Harry Potter».


Aldersgrense: 12 år
Lengde: 1 time og 44 minutt



Sjå trailer her


 

NB! Førpremieren laurdag 2. mars kl. 1730 er del av feiringa av BIZZY og HallUng sin 1-årsdag. Filmen er difor gratis for alle med Bizzy-app, og det vil bli opplegg i HallUng etter filmen.
Følg med for meir info!

 

 

 

 

 

MAR
2
LAU
FØRPREMIERE: Skammerens datter 2 - Slangens gave
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 17:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser