Om oss   Kontakt oss         

Hellbillies - 30 år på vegen

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 7. og 8. februar 2020

Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og i 2020 vil bandet markere sine fyrste 30 år med ein stor jubileumsturné. 

I løpet av vinteren, våren og hausten vil dei besøkje alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møte det trufaste publikummet sitt, for saman å sjå attende på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere noko nytt materiale. 

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske sangskatten, samstundes som dei har opparbeidd seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sittande og lyttande publikum, og vil ha éi akustisk og éi elektrisk avdeling. Bandet gler seg veldig til å kunne møte publikummet sitt på denne måten.



Foto: Agnete Brun

FEB
7
FRE
Hellbillies - jubileumsturné
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 20:00
FEB
8
LAU
Hellbillies - jubileumsturné
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser