Om oss   Kontakt oss         

FestivalNATT torsdag (Folkemusikkveka 2019)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

FESTIVALNATT på Thon Hotell Hallingdal TORSDAG:
 

Kl. 20.30:
Musikkquiz

Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte, saman med høgre hand, Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta, og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kven som spelte kva på Landskappleiken i 1946. Meld gjerne på laget ditt på førehand og få reservert eit bord. Merk "ute" eller "inne". Fine og fuktige premiar!


Kl. 22.15:
Aasmund Nordstoga

Aasmund er alltid god men når han i tillegg tek med seg a-laget, Abildsø spelemannslag, blir det bedre enn best. Det gledes!
Spelemannslaget er Erik Sollid, John Vinge, Åsmund Reistad og Jørund Fluge Samuelsen

 

Kl. 23.30:
Myllargutens gammaldansorkester

Myllargutens gammaldansorkester er eit mobilt og ambulerande ensemble. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagerar som innbyr til allsong.

 

 


 

MAI
23
TOR
FestivalNATT torsdag (Folkemusikkveka 2019)
Stad: Thon Hotel Hallingdal, Ål
Kl: 20:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser