Om oss   Kontakt oss         

Dei gamle er eldst (Folkemusikkveka 2019)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

"Dei gamle er eldst!" si ein ofte; og fredagen under Folkemusikkveka skal denne hypotesa testast grundig då seks skikkeleg(!) gamle hallingdansarar inntek scena i forestillinga med same navn.
Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Me har trua!

Dansarar: Martin Myhr, Dagfinn Krogsrud, Dag Hamre, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan og
Vidar Underseth
Musikarar: Tuva Syvertsen og Sivert Holmen
Koreograf og dansar: Silje Onstad Hålien

Forestillinga er produsert i samarbeid med Riksscenen, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Jørn Hilme-stemnet


NB! Rabatt for alle som har Festivalpass eller Dagspass - fredag.
Vis pass når du kjøper billett i skranken.

 

MAI
24
FRE
Dei gamle er eldst (Folkemusikkveka 2019)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kl: 17:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser