Om oss   Kontakt oss         

Are Kalvø - Hyttebok frå helvete

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Torsdag 14. november

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgjeve av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmoglegheiter på alle kantar. Likevel har han aldri vorte ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. 

Dette har aldri vore eit problem. Før no. 


For nokre år sidan byrja Are å miste vener til naturen. Gode vener, som før alltid var med på pub for å prate tull, byrja brått å gå i fjellet, leggje ut bilete av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. 

Ein dag måtte han innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell.

For første gong sidan han vart tvinga til slikt på skulen, la Are Kalvø difor ut på tur, på ski og til fots, for å finne att vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Resultatet vart «Hyttebok frå helvete», ei svært morosam og litt sint bok om vår tid og vårt merkelege tilhøve til naturen. 

Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som likar fjell betre enn folk. 


Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe signerte bøker.

 

 

NOV
14
TOR
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 415,- / 385,- (gruppe 8 el fleire) / 325,- (student)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser