Om oss   Kontakt oss         

Timmy og monsterplaneten

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Bli med på ei spennande oppdagingsferd saman med Timmy på monsterplaneten!

Timmy og foreldra hans er på ei reise gjennom verdsrommet. Ein dag blir romskipet deira øydelagt når dei køyrer gjennom eit asteroidefelt, og unge Timmy blir skilt frå foreldra sine.

Redningskapselen han har vorte plassert i landar på ein heilt ukjent planet. Ved hjelp av Bulk, ein overlevingsrobot, må han overleve åleine på planeten heilt til eit redningsmannskap kjem. Heldigvis er Timmy nysgjerrig, og elskar eventyr, så i mellomtida reiser Timmy og Bulk på oppdagingsferd på den merkelege planeten dei har landa på. Her møter dei mellom andre Flash, ein rar liten skapning som tek følgje med dei på ferda. Dei oppdagar det magiske dyre- og plantelivet på planeten, søte og morosame monster og spennande nye stader. Men det dukkar også opp farar ved å vere på ein heilt uutforska planet...


Aldersgrense: 6 år
Lengde: 1 time og 29 minutt



Sjå trailer her

 

 

 

MAI
23
TOR
Timmy og monsterplaneten
Stad: Ål kulturhus - Veslesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser