Om oss   Kontakt oss         

Romeo og Julie (Riksteatret)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Måndag 21. oktober

Den største kjærleikshistoria av dei alle.

Kjærleiken kan få deg til å risikere alt du er og alt du har. Berre spør Romeo og Julie. Dei er unge. Dei er stormforelska. Og som alle unge – dei er udøyelege. Men kjærleiken deira er forboden. Ei natt er alt dei får. 

William Shakespeare si kjærleikshistorie frå slutten av 1500-talet har vorte ein inspirasjon for nesten alle historier me kjenner om ung og umogleg kjærleik i TV, film, bøker og teater. Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å spele originalhistoria, er det med eit stort ensemble og sett i scene av ein av dei mest ettertrakta regissørane i landet.

Sigrid Strøm Reibo (36) er kjent for å gjere klassikarane tilgjengelege for eit stort publikum. Ho står bak prisløna teateroppsetjingar som trippel Hedda-vinnar Orlando på Rogaland Teater, Som dere vil med Bertine Zetlitz på Nationaltheatret og publikumsfavoritten Peer Gynt på Gålå. Me veit at ho vil gje oss ein ung og frisk versjon av Romeo og Julie – tru mot originalen, og trulaus mot alle som trur dei kjenner historia.

Etter premieren på hovudscena på Nationaltheatret, skal Romeo og Julie besøkje 50 stader med Riksteatret i heile landet. Med unge lovande Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum som Romeo og Julie og skodespelarar som Anne Krigsvoll, Eindride Eidsvold, Petronella Barker i eit stort ensemble på scena, ynskjer me deg velkomen til haustens storsatsning på Riksteatret!

 

På scena
Hanna-Maria Grønneberg, Herbert Nordrum, Anne Krigsvoll, Petronella Barker, Eindride Eidsvold, Kyrre Hellum, Morten Espeland, Sverre Breivik, Kim J Olsen, Amell Basic, Sjur Miljeteig og Øystein Skar

 

Team
Regissør: Sigrid Strøm Reibo
Scenograf og kostymedesignar: Katrin Nottrodt
Lysdesignar: Agnethe Tellefsen
Komponist og lyddesignar: Sjur Miljeteig
Dramaturg: Njål Helge Seljeset Mjøs
Koreografisk assistanse: Oleg Glushkov
Produsent: Rebecca Mathisen

 

Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Turnépremiere: Gjøvik 12. september 2019

Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret.



 

OKT
21
MÅN
Romeo og Julie (Riksteatret)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 425,- (vaksne) / 345,- (gruppe min 4 stk og Riksteatret sine samarbeidspartnarar) / 325,- (Coop-medlem m/passord)
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser