Om oss   Kontakt oss         

Toradertrioen (Sommarkveld i gamlekyrkja)

Arrangør: Hol fellesråd
Tid: 16. juli 2019

Toraderen hadde vore mykje nytta rundt omkring på bygdene då tre karar frå Ål midt på 70-talet byrja med noko heilt nytt, nemleg fleirstemt samspel på torader. Desse tre, Thorleif Stave, Ola Rygg og Oddvar Fingarsen hadde spelt ein del i lag to og to, men no fann dei saman i den friske trestemt-klangen som skulle bli varemerket til Toradertrioen frå Hallingdal, og som på mange måtar sette standarden for runddansmusikk på torader i orkestersamanheng.

Dei fekk med seg gitar og bass, og snart kom tilbodet om platekontrakt. Det vart etterkvart fleire plater – fem i alt, og desse selde til sølvplater, gullplater og det vart Spelemannspris. Knapt noko anna gamaldansorkester har sett eit så tydeleg fotavtrykk. Besetningen me møter i dag er primus motor Thorleif Stave og Oddvar Fingarsen som begge har vore med heilt frå starten, Jostein Sørbøen som kom inn i 1979 og Tore Løvgreen som kom inn og forsterka laget sist på 70-talet. Eit av Noregs beste gamaldanskomp med Terje Tandberg på bass og Tor Bekkelund på gitar gjer lydbiletet komplett. Med dette skulle tonen vera sett.

Sommarkveld i gamlekyrkja er en tradisjonell og populær konsertserie som både publikum og artister ser fram til. Konsertene går av stabelen hvert år, hver tirsdag i hele juli måned og byr på en variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

JUL
16
TYS
Toradertrioen (Sommarkveld i gamlekyrkja)
Stad: Hol gamle kyrkje
Kr 220,- inkl.avgift
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser