Om oss   Kontakt oss         

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl (Sommarkveld i gamlekyrkja)

Arrangør: Hol fellesråd
Tid: 30. juli 2019

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl har kvar for seg markert seg tydeleg i norsk musikkliv innanfor ulike sjangrar dei siste to tiåra. Dei musikalske vegane deira har kryssa kvarandre gjennom mange år, og i 2010 skreiv og oppførte de bestillingsverket "Vinden blæs dit den vil" for folkemusikkveka på Ål.

No set dei seg føre å presentere tradisjonsmusikk på klarinett og trekkspel, med utgangspunkt i tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen, og klarinett-tradisjonen som ein finn spor etter der. Sjølvsagt på deira eigen måte!

Dei har undersøkt arkiv og oppteikningar og leitt etter spor av klarinetten i tradisjonsmusikken. Eit knippe av desse slåttane har dei no arrangert for klarinett og trekkspel.

Kombinasjonen av verdsleg og sakral musikk fylgde menneska i Gudbrandsdalen gjennom livet, og det er også ei slik reise Opsahl og Lie ønskjer å ta publikum med på i denne konserten. Danseslåttar blir sett saman med salmetonar, bruremarsjar og bånsullar- musikk som speglar sjølve livet.

Sommarkveld i gamlekyrkja er en tradisjonell og populær konsertserie som både publikum og artister ser fram til. Konsertene går av stabelen hvert år, hver tirsdag i hele juli måned og byr på en variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

JUL
30
TYS
Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl
Stad: Hol gamle kyrkje
Kr 220,- inkl.avgift
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser