Om oss   Kontakt oss         

Indigo Englehår

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 29. november

Den siste festen før bygarden skal rivast.

Du er på festen før bygarden skal rivast, alle snakkar i kjeften på deg. Alt er rive, alle dansar, du syng og hylar og kliner og elskar og hatar. Foreldra dine skal skiljast, du veit ikkje kven du er, du er gravid, du er kåt, mor di skal døy og verda går under i slow motion og alle drit i livet ditt. Kva faen skal du gjere med det?

INDIGO ENGLEHÅR er som å bli drege inn i ei Spotify-liste. Ein musikal som blandar teater, konsert, poesi og lys, fordi me lever intenst akkurat no og alle snart skal døy.


Fredrik Høyer er den fremste slampoeten i landet og ein av Noregs mest lovande dramatikarar. Med fleire suksessar både nasjonalt og internasjonalt er han også ein av Drammens fremste kultureksportar. Peter Michelsen er kjent som gitarist i Donkeyboy. Saman med regissør og teatersjef ved Brageteatret Nils Petter Mørland, har dei utvikla ei heilt ny musikkteaterforestilling.

Medverkande: Ina Svenningdal, Mimmi Tamba, Ingrid Dissen, Veslemøy Mørkrid og Fabian Christensen

Dramatikar: Fredrik Høyer
Komponist: Peter Michelsen

Regi: Nils Petter Mørland

Produsent: Brageteatret

 

Foto: Anne Valeur

 

Om Brageteatet

Brageteatret er regionteater for Buskerud, og held til på Union Scene i Drammen. Teatret har sidan oppstarten i år 2000 produsert forestillingar for barn og unge, og har eit spesielt fokus på denne målgruppa. Teatret har også ansvaret for scenekustinnhaldet for grunnskulen i DKS-Buskerud. Som turneteater tilbyr Brageteatret forestillingar til heile i fylket.

 

 

NOV
29
FRE
Indigo Englehår
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Billettar kr. 155,-/Bizzy 100,-
Kl: 19:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser