Om oss   Kontakt oss         

Løvenes Konge (norsk tale)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Disney sin “Løvenes Konge”, regissert av Jon Favreau, tek oss med til den afrikanske savannen der ein framtidig konge blir fødd.

Simba forgudar far sin, Kong Mufasa, og finn sin eigen rojale plass. Men ikkje alle i kongeriket feirar at den nye løveungen er fødd. Scar, bror til Mufasa – og inntil no arving av trona,har eigne planer. Kampen om klippa blir fylt av svik, tragedie og drama, og fører til at Simba rømmer. Med hjelp frå nye venner må Simba finne seg sjølv og ta attende det som er hans.

Stjernecastet i denne filmen inkluderer Donald Glover som Simba, Beyoncé Knowles-Carter som Nala, James Earl som Mufasa, Chiwetel Ejiofor som Scar, Seth Rogen som Pumba og Billy Eichner som Timmon.
Med bruk av nyvinningar i filmskaparteknikkar kjem dei kjende karakterane til live på ein heilt ny måte når Disney sin Løvenes Konge kjem på kino i juli.

Aldersgrense: 9 år
Lengde: 1 time og 57 minutt

 

 

Sjå trailer her

AUG
22
TOR
Løvenes Konge (norsk tale)
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
110,-/90,-/80,- Vaksen/Honnør/Barn (inkl.avgift)
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser