Om oss   Kontakt oss         

Kaptein Rødskjegg og sjørøvarane feirar jul på land

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: 1. desember

Snart er det jul og Kalle Kanon og Jern-Harry ser fram til å setje kursen sydover mot Karibien, slik dei alltid gjer når vinteren er i anmarsj. Dei gler seg og har allereie pakka kofferten. Dei er i ferd med å gå ombord i skuta når Kapteinen brasar inn med ei skrekkeleg nyheit. «Me skal feire jul heime hjå oss sjølve slik som vanlege folk!!»

Kalle og Jern-Harry blir på langt nær hoppande glade for dette. Vere heime og feire jul i kulda? Is på vatnet, ingen fekting og kanonskot før nyttårsaftan, ingen paella eller heilsteikt okse, ingen glede...
Nei, fysj! Feire jul heime. Det har dei jo aldri gjort og ikkje veit dei korleis. Og så er det sikkert skikkeleg kjedeleg. Ting tilspissar seg, og dramatiske ting som kidnapping, politirazzia og damebesøk gjer at jula heng i ein tynn tråd for sjørøvarane. Og ting blir heller ikkje enklare når Kapteinen kun er opptatt av å leite etter presangar og håpar han får ein kjærast til jul. Men kjem nissen då? Den som møter opp får sjå.


Sjørøvarane lovar masse humor og god juestemning for heile familien!




 

 

DES
1
SUN
Kaptein Rødskjegg og sjørøvarane feirar jul på lan
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Billettar kr. 275,-/220,-
Kl: 18:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser