Om oss   Kontakt oss         

Adam Douglas - The RAG Trio

Arrangør: Ål kulturhus
Tid:

Adam Douglas, som vann Stjernekamp i 2017, er ute på tur med den nye trioen sin - The RAG Trio.
Trioen låner initialane til trommeslagar og perkusjonist Ruben Dalen, Adam sjølv og gitarist og strengevirutos Geir Sundstøl.

The RAG Trio er minimalistisk i oppsettet, men maksimalistisk i instrumenteringa. Den unike kjemien mellom dei tre musikarane gjer at det ikkje blir spelt ein einaste overflødig tone, slik at alle musikarane kjem gjennom i lydbiletet. Slik får den store stemma og det fantastiske gitarspelet til sjefen sjølv den plassen og det rommet han treng for å skape magi. Konserten denne kvelden består av gode, gamle låtar, kanskje eit par gjensyn frå Stjernekamp, samt nokre heilt nye låtar. Dette er råtøft!!
 

Adam Douglas kjem opprinneleg frå Oklahoma i USA, men flytta til Noreg hausten 2007 og har på kort tid vorte ein av dei mest folkekjære artistane våre. I 2018 sleppte han det kritikarrosa albumet The Beaty and The Brawn og spelte eit hundretals konsertar landet rundt. Det er ein stor entertainer som er ute på vegen over det ganske land for å gje oss musikk med hjarte, nerve og sjel. Velkomen til ein magisk heilaften med Adam Douglas & The RAG Trio.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

SEP
27
FRE
Adam Douglas - The RAG Trio
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Kr. 430,-
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser