Om oss   Kontakt oss         

Kvedarkvintetten m/dans (Storhelg i Hallingdal 2019)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 18. oktober

For sjette år arrangerer Hallingdal Juniorspelemannslag, i samarbeid med Ål kulturhus og folkemusikkmiljøet i dalen, Storhelg i Hallingdal.
Her er det kurs i spel, song og dans for ungdom frå 14 år, og i tillegg er det opne forestillingar:










 

Fredag 18. oktober på Ål kulturhus:
Konsert med Kvedarkvintetten i lag med dansarane Eirik Fuglesteg Luksengard og Vetle Springgard (biletet).
Billett kr. 200,- /
Fellesbillett for fredag og sundag kr. 300,-






Laurdag 19. oktober på Hugnadheim:
Kursdag i song, spel og dans for ungdom (eigen påmelding til dette. Sjå annonse i Hallingdølen)
Kl. 1930: Konsert med Margrete Nordmoen og Sigrid Stubsveen
Kl. 2100: Dansekveld på Hugnadheim
Kjøp billett i døra på Hugnadheim!



Sundag 20. oktober på Ål kulturhus:
Kl. 1500: forestillinga Meister og elev
Billett kr. 150,- / Fellesbillett for fredag og sundag kr. 300,-

Meistrane Øyvind Brabant,  Alexander Olavson Røynstrand, Sivert Holmen, Sigrid Stubsveen, Oddrun Hegge, Inge Gjevre, Margrete Nordmoen, Simen Roheim Iversen, Jørn Simenstad, 
Ulf Arne Johannessen, Ami Petersson, Gunnlaug Lien Myhr og Stian Roland kjem saman med eit 80-tals ungdommar frå heile Sør-Noreg. 
Dei vil halde ein variert konsert med feler og langeleik, torader og munnharpe, song og dans. 
I solo og samspel vil dei vise kva dei er gode for etter timar med kurs og opplevingar i løpet av helga.


 

 

 

OKT
18
FRE
Kvedarkvintetten m/dans (Storhelg i Hallingdal 201
Stad: Ål kulturhus - Storesalen
Billett kr. 200,- / Fellesbillett for fredag og sundag kr. 300,-
Kl: 19:30

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser