Om oss   Kontakt oss         

Liv og død på det norrøne Grønland

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 22. oktober


Foredrag ved Tore Kvæven.

Tore Kvæven sin roman Når landet mørknar har fascinert både lesarar og kritikarar. 
Året er 1293, og den unge guten Arnar ror si fyrste kvalrossjakt. Han kjem til å måtte kjempe hardt for ei framtid som fangstmann og bonde, og for kjærleiken til Eir. Romanen byggjer på stor kunnskap om norrøn tid på Grønland, dette landet som lokka med sine store naturrikdomar og mogelegheiter, men der klimaet var nådelaust og fiendar venta. Det har lenge vore uvisst kvifor den norrøne befolkninga forsvann herifrå på slutten av 1200-talet. 
Døydde dei ut, eller forlet dei landet?

Tore Kvæven fortel i dette foredraget om historia til det norrøne Grønland. Korleis levde menneska her? Kvar vart det av dei? 
Han snakkar også om forfattarskapet sitt, om korleis han skriv og om kvar han finn inspirasjon.
 

Tore Kvæven (f. 1969) er romanforfattar og sauebonde frå Sirdal. 
Han vart i 2018 tildelt Noregs mest prestisjetunge litteraturpris, Brageprisen, for romanen Når landet mørknar





 

 

 

 

 

OKT
22
TYS
Liv og død på det norrøne Grønland
Stad: Ål bibliotek
Gratis inngang
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser