Om oss   Kontakt oss         

Foredrag v/Kjell Arnold Nyhus (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Onsdag 6. november

40 dager og 40 netter. 
En fortelling om stillhet


Kjell Arnold Nyhus er teolog og forfattar.
Han har vore fengselsprest i 12 år, og han har gjeve ut fleire bøker. Nyhus fekk mykje merksemd då han gav ut boka Hvis jeg har en sjel. Fortellinger fra klosteret i fengslet. 
Boka formidlar erfaringane etter at langtidsdømte fangar i Halden fengsel fekk tilbod om stille retreat innafor fengselsmurane.
Nyhus er oppteken av korleis me menneske blir påverka av det som skjer rundt oss. Ikkje minst er han oppteken av kva som skjer med oss – og i oss – når det blir stille rundt oss.
I fjor kom han med boka 40 dager og 40 netter. En fortelling om stillhet. Nyhus reiste åleine til hytta utan tv, radio, internett eller telefon. Her levde han åleine i 40 dagar og 40 netter.

Kjell Arnold Nyhus kjem til Ål kyrkjeakademi og vil dele med oss både eigne erfaringar og refleksjonar, og kunnskap og kjennskap om dette tema frå andre kjelder.
 

 

NOV
6
ONS
Foredrag v/Kjell Arnold Nyhus (Ål kyrkjeakademi)
Stad: Ål kulturhus – Syningen
Billettar kr. 150,-/120,- (medl. i Ål kyrkjeakademi)
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser