Om oss   Kontakt oss         

Folkesong i kvardag og fest - eit konsertforedrag (Ål kyrkjeakademi)

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Tysdag 15. oktober


Folkesong i kvardag og fest
- eit konsertforedrag med Gunnlaug Lien Myhr


Folkesongen skil seg frå andre sjangrar ved at ein del av songane er knytt til ulike funksjonar i livet til folk - både til helg og sykne. Her møter me det gamle bondesamfunnet; tru og skikk, sosiale forhold, talemål og arbeidsmetodar som forlengst er erstatta av industrisamfunnet sine nyvinningar. 

Men kva gjer folkesongen interessant for dagens menneske? I dag kan ein nemleg møte folkesongen på konsertscener og plateinnspelingar, og ein kan ta høgskuleutdanning som kvedar. 

Folkesongtradisjonen i Hallingdal kan by på alt frå låttetralling, skjemtsame bygdeviser, bådnsullar, regler og stev til såre kjærleiksviser, mellomalderballadar og religiøse folketonar.
 

Gunnlaug Lien Myhr har leita fram, og vore utøvar med tradisjonssong frå Hallingdal i 40 år. I 2015 kom ho ut med boka Folkesong i Hallingdal med 600 songar frå heile dalen. Ho har gjeve ut ei rekkje CDar. Fyrst med vokalgruppa Tiriltunga, og seinare fleire soloalbum.
 

 

OKT
15
TYS
Folkesong i kvardag og fest - eit konsertforedrag
Stad: Ål kulturhus – Syningen
Billett kr. 150,-/120,- (medl. i Ål kyrkjeakademi)
Kl: 19:15

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser