Om oss   Kontakt oss         

Hallingkveld med Baker Hansen og Sylfest Lomheim

Arrangør: Ål kulturhus
Tid: Fredag 4. oktober

BAKER HANSEN OG SYLFEST LOMHEIM: 
Kor langt æ det eigentle' frå Shangri-La te' Ål?


Korleis kling Chet Baker på halling? Kan historiene som denne jazztrompetisten og songaren framførte, klinge og gje ny meining i dag? Det har bandet Baker Hansen utforska i snart ti år. I lag med attdiktarguru og målgeneral Sylfest Lomheim presenterer dei eit utval tekstar, framførte og improviserte i norsk notid. Det blir gjenhøyr med forteljingar frå filmlerretet og musikalscena attfortald i ny språkdrakt. Prof. Lomheim strøyer om seg med ord og anekdotar om ordval, mål og meining. Alt med ein klatt humor affe.

Baker Hansen er:
Sigurd Rotvik Tunestveit - vokalist og attdiktar
Thomas Husmo Litleskare - trompet
Kjetil Jerve - piano
Stian Andreas Andersen - kontrabass
Tore Flatjord - trommer


"En liten perle" Lytterom, NRK P2

"Ein sikker scenesuksess" Roald Helgheim, Dagsavisen

"Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne" Tor Hammerø, Side2


Arrangementet blir rigga med småbord på scena slik at publikum kjem tett på programmet.
Intim og triveleg stemning!
 

Arrangør: Ål og Hol Mållag

 

OKT
4
FRE
Hallingkveld med Baker Hansen og Sylfest Lomheim
Stad: Ål kulturhus - Storesalen (un)
Kl: 20:00

Kommentarer:

comments powered by Disqus

Annonser